tirsdag, oktober 28, 2008

Litt nytt

Sjå det nydelega veret det var i dag når eg gjekk på jobb.
Det tar meg ca 10 minutt å gå til butikken,
og ein liten spasertur er ikkje å forakte.
I natt var det komen snø på fjelltoppane,
og gradestokken var på null.
Frisk og kald luft beit litt i kinna,
men kva gjer vel det så lenge det ikkje regnar.
*
Eg fekk sydd litt i dag også,
og fleire julestrømper er undervegs.
Har du lyst på ei julestrømpe,
eller sjå kva nytt eg har lagt ut i bloggbutikken.
Klikk her

mandag, oktober 27, 2008

Puter og andre kjekke ting

I dag har eg laga meg til arbeidsplass på bakrommet på butikken.
Der har symaskina fått plass, og den har durt og gått i dag.
Det er veldig greit å ha arbeid å gjere i rolege periodar.
Eg hadde ein del ferdige framstykker til puter liggande,
så i dag har eg sydd på bakstykker og fått i innerpute.
*
Eg har også forandra på vindusutstillingen,
og flytta litt rundt på tinga i butikken.
Det er blitt litt tomt her og der,
så nå er det godt at meir varer er på veg.
*
Eg ventar inn ein del julevarer og litt anna,
men har ikkje tenkt å lage julebutikk før til neste helg.
Eg er veldig glad i jula,
og må vel karakterisere meg sjølv som "julete",
men eg er imot at nissar og englar
lyser imot oss når me er i byrjinga av oktober.
*


Men det forhindrar meg ikkje fra å sy julestrømper.

Nostalgisk strykebilde med blonder rundt.
Strømpene lagar eg også med namn om nokon vil ha det.
*
Litt nye bilete har eg laga,
og dei skal takast med i butikken i morgon.
*

Elles går dagane fort, og kveldane enda fortare.
Middagen blir sjelden inntatt før klokka er 18,
og så er det alltid eindel som skal gjerast,
og vips så er det sengetid.
Og så ligger eg der med tusen idear,
og får ikkje sove.
Eg må visst heller stå opp og gjere noko fornuftig,
enn å ligge i senga med to tinntallarkar
og glo ut i mørkret.....
Det er merkeleg korleis dei kreative
tankane strøymer på når klokka
har passert 24 og vel så det:)
*
Tusen takk for alle koselege kommentarer
dåke legg igjen her hjå meg.
Eg har ikkje vore så flink og besøkt dåke tilbake,
men eg stikke snart innom.
*
Klem fra Hilde










torsdag, oktober 23, 2008

Sånn går no dagan...

Her inne tilbringer eg dagane mine nå,
og kosar meg retteleg.
Ute er det regn, regn, vind, regn, og enda meir vind.
Eller kuling om du vil.
Etter ei veke med open butikk
så må eg seie meg fornøgd med starten.
Det har vore mykje folk innom,
og alle let vel, og synest det er så koseleg.
Det synest eg også, sånn heilt objektivt sett..


Eg tenner lys når eg er på jobb,
og eg tenner lys når eg kjem heim.
Det er så mørkt og vått ute,
så då er det om å gjere å ha det koseleg innomhus.
Eg serverer kaffe og te til kundane mine,
og ein drops eller kjeks vankar det også om dei vil ha.
Dropsa er særs populære hjå ongane som er innom,
og advokat naboen min.
*
I morgon er det helg att.
Husk:
"Tida går ikkje, ho kjem.."


tirsdag, oktober 21, 2008

Drøm

Drøm det du
ønsker
å drømme.
Gå dit du
ønsker
å være.
Bli det du
ønsker
å være.
Fordi
du har
kun
ett liv
og en
sjanse,
til å
gjøre
alle de
ting
du
ønsker
å gjøre.

søndag, oktober 19, 2008

And the winner is...

...ja, det får du vite litt lenger nede.
For først av alt så må eg få takke alle
som har lagt igjen ein kommentar.
Tusen, tusen hjarteleg takk alle saman.
Rosa på bilete er til dykk alle.
*
Opninga av Frøken Fryd gjekk over all forventning.
Det var fullt hus heile kvelden, og salet gjekk strålande.
Eg fekk så mange flotte ord, blomar og klemmar
at eg er kjemperørt.
Når eg kom heim om kvelden var eg så sliten,
men veldig glad,
og ikkje lite stolt over butikken min.
*
I kveld er det eit skikkeleg ruskever ute,
det blese og regnar slik at det ristar i huset.
Heldigvis så har eg fyr i omnen,
og masse tende lys rundt omkring.
*
Tilbake til kven som vant.
Min kjære fekk æra av å hoste opp
5 tall mellom 1 og 59.
***
Då var det desse 5 som vant:
*
13- Hem och Lycka
17-Nissestien
23-Mali-mo
31-Bak en sky
46-Gawo

Send meg ein e-post med namn og adresse
så kjem det snart pakke fra Frøken Fryd i postkassa di.
E-postadressa mi er:

torsdag, oktober 16, 2008

Opning av Frøken Fryd

I dag klokka 17 opnar eg døra til butikken min Frøken Fryd,
og eg held ope til kl 22 i kveld.
*
I går kveld tok eg ned papira foran vindauga,
og laga utstilling.
*
Det er blitt ein koseleg butikk med alt fra såper til maleri,
som det sto i lokalavisa Grannar i dag.
*
Her kan du finne koselege ting til heimen,
eller noko godt til deg sjølv.
*
Nå er det ikkje berre sommarfuglar på bileta mine,
men eg har visst fått ein heil sverm i magen min også:)
*
Eg fekk i opningsgåve av ei venninne, to gullfiskar,
som skal bu inne på butikken.
Det var så utruleg koseleg å få:)
*
Alle som legg igjen ein kommentar under her,
er med i trekkinga av ei gåve frå Frøken Fryd.
Så med dette vil eg ønskje alle ei retteleg god helg.
Klem Frå Hilde

Ps. Eg trekkjer ut vinnar på søndagskvelden.





søndag, oktober 12, 2008

Korleis lage ein collage?

Eg har fått spørsmål om eg kan vise korleis eg lagar ein collage.
Klart eg kan det:)
*
Her har eg brukt eit deep edge lerret 20 x20 cm,
og grunna det med ein lys blåturkis akryl maling.
*
Når grunninga er tørka så limer du på eit bilete.
Eg har brukt ein kopi av eit nostalgisk
bilete eg har funnet på nettet.
Ein bit gamal tapet limer du litt over biletet.
Stort sett så river eg kanten på de eg brukar,
då vert det litt slitt preg på det.

Eg brukar ein god papirlim og smører på med pensel,
og stryker godt over for å få ut luft,
og få det til å lime seg godt i kantane.
Mal forsiktig og med lett hand over
med ein litt lysare nyanse av fargen.
Eg blandar fargane mine sjølv oppi ein boks.
Ein dasj av den og ein dasj av den,
til eg har den fargen eg vil ha.
*
Her har eg teikna ei krusedull på kontaktpapir,
klipp ut, lim på,
og mal inni med ein mørkare farge.
*
Når du tek vekk kontaktpapiret,voila ein krusedull...
Du kan male den på med frihand også,
eller stemple den på, eller bruke ferdig sjablong.
Her kan du bruke alt du har lyst til.
Ingenting er feil eller rett.
*
Sommarfuglar som eg har printa ut,
men du kan også bruke glansbilete, eller klippe ut fra blader.
Lim på og la tørke.
Mal over med lett hand i ein litt anna farge.
*
Vips, så har du ein fiks ferdig collage
ala Hilde:)
Håpar at dette lynkurset kan vere til hjelp.

Ha ein fin og flott søndag alle som kikkar innom.







lørdag, oktober 11, 2008

Sånt kan det seiast...

(Bilete har eg mala)
*
Eg sitte foran pc`n og kikkar inn på ein blogg,
og seier for meg sjølv: Så
det går an å male parketten.
Fra sofa`n: HÆÆÆÆ???

fredag, oktober 10, 2008

Arbeidsfordeling

Medan min kjære tok si daglege økt på ergometersykkelen,
så sydde eg ei haustleg pute.
Det kallast arbeidsfordeling i heimen.

onsdag, oktober 08, 2008

Pakke ut og pakke ut...

......er eg ferdig med,
så i dag har eg begynt å sette på plass saker og ting.
*
Det er skrekkeleg kjekt å sette ting saman
slik at det blir koseleg i butikken.
*
Her er det ei blanding av nytt og gamalt,
og noko handlaga av meg.

Litt røffare stil over dette.
*
Søte kort fra Blafre Design.
*
Glitter og stas kan me lika:)
*
I dag har eg laga forskjellige utstillingar
og dandert rundt om kring i lokalet.
Ein del er kome på plass,
men fortsatt står mykje som eit rotihop på golvet.
Eg storkosar meg med å få alt på plass,
og så er det veldig kjekt nå det tar form
slik eg har sett det for meg.







mandag, oktober 06, 2008

Ein liten kikk...

...på litt av det som vert å finne hjå "Frøken Fryd".
Eg har kjøpt inn masse varer fra forskjellige leverandørar,
men skal også ha mine eigne ting som eg lagar.
*
" Frøken Fryd" vart namnet på butikken min
etter store diskusjonar i heimen tidleg i sommar.
*
I butikken min vil du finne nokre ting som er praktiske,
medan andre er fine å sjå på,
noko smakar godt, og andre luktar godt.

Pukka te i alle variantar.
Eg held på og smake meg gjennom heile utvalet,
og alle har til nå vore veldig gode på kvar sin måte.
*
Såper i alle fargar og dufter.
*
Portemonè eller ei lita veske.
*
Glashjarta i fleire størrelsar.
*

Smykkestativ og malerier.
*
Feminin korthaldar
og ramme i bakgrunnen.
*
I dag har eg pakka ut og prisa alle varene eg har fått til nå,
men ventar ein stor leveranse ein av dagane.
Då kjem det litt røffare og tøffare ting.
Eg må jo ha litt forskjellig, både røft og fint.
*
Tusen takk for alle koselege kommentarar
de legg igjen her hjå meg.
Eg set veldig stor pris på kvar og ein av dei.








lørdag, oktober 04, 2008

Butikken min



som eg har jobba fram mot i fleire månadar
er snart oppe og går.
Litt forsinka, men i går fekk eg overta lokalet,
og i dag har me kjørt ned møbler og varer.
*
Min kjære som er min beste venn,
og den flinkaste hjelpar eg kan ha,
har vore flyttebyrå i dag.
*
Lokalet er nyinnreda til min butikk.
*
Her er nokre av møblene som eg har mala på den siste tida.
*
Disken har eg arva etter Beritsøster.
Den var blå og raudmala når eg fekk han,
og eg har skrapa maling i mange lag.
Eg mala han kvit,
men speglane skal få vere slik, trur eg.
Kva seier du???
*
Eg har vore på skattejakt inne hjå svigermor,
og i det gamle hønshuset fann eg både
ei flott gamal dør og vindauge.
*
Dette bordet hadde vore kjøkkenbordet deira når ho var liten,
men nå hadde ho fryseboksen på det.
Me bytta, og så fekk ho eit anna.
*
Eg skal opne torsdag den 16 oktober kl 17.00,
så fram til då vert det jobbing seint og tidleg.
Det er så utruleg kjekt og endeleg ha kome igang,
og eg storkosar meg med å innreie butikken min.
Eg har fått mesteparten av varene,
men ventar ein stor leveranse etter helga.
her skal eg jobbe nå:)
*Lucky me*
*
God helg til deg som kikkar innom.